Møter med en dikter

Thorleif Skjævesland

Artiklen er udgivet i Risør Magasinet 1998/99

 

4. del

Tarjei Vesaas (1897-1970)

Tarjei Vesaas og Aksel Sandemose var lenge de virkelig store bæresøylene i norsk litteratur. De var temmelig ulike i gemytt og livsførsel, men de hadde alltid en varm sympati og beundring for hverandre.

Sympatien og beundringen kommer fram mange steder, f.eks. i Vesaas sin minneartikkel og i Sandemoses omtale av "Huset i mørkret", kanskje den beste okkupasjonsromanen skrevet på norsk: "Det er månenatt, stjernene er bleke, det står en stolpe av sølv i sjøen. Bokhylle og lampe speiler seg utenfor vinduet, glørne faller sammen i peisen. Da jeg nettopp var borte og satte "Huset i mørkret" på plass hos andre bøker av samme forfatter, gikk det opp for meg hvilken fin ting som var skjedd: En har sittet og lest Tarjei Vesaas hjemme i Norge". (Friheten 23.10.45).

I tidsskriftet "Kvinnen og tiden", et virkelig kvalitetstidsskrift, har Sandemose et essay "Raset som gikk. Et forsøk på innføring i Tarjei Vesaas diktning" som ble "skrevet mer av en beundrer enn av en kritiker". Essayet er en varm hyllest til dikteren fra Vinje, en dikter som få kritikere var oppmerksom på før krigen. Klassisk er et intervju med Sandemose i det danske Ekstrabladet.

"Hvordan har den norske litteratur det? - Den præges stadig mest af de ældre som Hamsun og Undset.

Men blandt de unge? Hvem er den betydeligste landsmåldigter?

- Tarjei Vesaas.

Og hvem er den betydeligste af de yngre rigsmåldigtere?

- Eyvind Johnson.

Ja men, han er jo svensk?

- Det gi'r jeg Fa'en i!"

"Var det mange som hørte navnet fram til årene før krigen?

I 1936 ble undertegnede fradømt ethvert begrep om verdier, da jeg nevnte Vesaas som en av de største dikterne i Norge. En skaffer i det hele tatt seg selv og andre en masse ergrelser ved å vurdere bøker efter bøker, og ikke efter anmelderi." (fra "Raset som gikk").

Vesaas var den første nordmann som fikk Nordisk Råds litteraturpris - i 1964 for "Isslottet".

Sandemose og Vesaas var aldri nære venner, men sympatien varte livet ut og Vesaas var en av de få forfatterne som møtte til Sandemoses bisettelse en augustdag i 1965 - og i det etterfølgende "gravøl".

I Dagbladet 1.9.65 hadde Vesaas en minneartikkel om sin kollega og venn "Ein ubevisst trekkfugl":

 

Tarjei Vesaas om Sandemose

Aksel Sandemose hadde mange kledningar og forkledningar. Og slett ikkje såg eg han i dei alle. Men om han var langt unna og eg sjeldan møtte han, så var han likevel nær han var noko forunderleg som ein måtte ha i tankane og gle seg over. Og spennande spennande var det å møte han, om han så ikkje hadde sine heitaste inspirasjoner og: om det berre sat ein mann i all stille ved eit kafe-bord og venta. Den stille skulle ein ikkje la seg lure av, det var ein grå dress utanpå eit krater.

Eit borande auga såg på ein: om det var noko? Men like gjerne eit mild åuga - medan munnen opna seg til hjarteleg vennlege skjellsord, som goddag. Då vart ein glad og skjøna ein var velkommen.

Ja, det forståande auget. Ornitologens auga blant anna, som kjende himmelens fuglar. Der var han fagmann. Og den knivskarpe insektgranskarens auga, som kjende alle svarte små krek, forutan alle strålande fivreld. Kunnskaper samla i ei læretid som strekte seg frå dagane åt den vesle verjelause Espen ved Limfjorden og fram til den kunnskapsfyllte gråskjeggen på det siste. Etter at han og visste omtrent alt om mennesket. Under det auget sat ein hos han ved kafe-bordet og høyrde på medan han gøymde seg og sitt innste bak sin straum av sanne skrøner og oppdikta skrøner. Dei oppdikta treiv diktaren til fordi han hadde så altfor mange sanne, at desse vart keidsame å by fram.

For den som høyrde på var det ikkje keidsamt. Og rett som det var fekk tilhøyraren den heite støyten gjennom kroppen som følgjer med ei aldri før høyrd formulering. Ein skjerande Sandemose-vending, midt oppe i alt vennleg tull. Eit brå-kast som vitna om at diktaren i grunnen var oppteken av heilt andre ting.

Kva var det med Sandemose?

Der var elektrisitet i lufta kring han. Uro. Uvisse. Ei farleg, ugripbar tyngde. Ein venta seg det uventa når han kom gåande. Der han slo seg ned vart han straks midtpunktet, tyngdepunktet. Det uventa kom og for det meste, men ikkje alltid. Uvisst på den måten likesåvel. Ein kunne gå ifrå han og liksom kjenne seg uforløyst. Ein hadde vori inne i eit ukjent kraftfelt, som det heiter, hadde sansa det tunge, ladde som rådde der, men gneisten kom ikkje. Han som kunne sende det ut var og sterk nok til å halde det inne om han ville. (...)

Så vender ein liksom opp ned på det ein har sagt, ved å nemne at det skimta ein annan mann bak dei mange kledningane. Mellom dei tallause Sandemose-sitat som vil leva gjennom tidene, står det i "Det svundne er en drøm" nokre liner som manar fram eit merkeleg bilete, og som for meg verkar som ein bodskap frå hans innerste:

"Det kan være noe universelt ved pikeansikter, noe vitende og avgjort midt i en stor uskyld. En kan få en kjensle av en livsbane like så sikker og like så ubevisst som trekkfuglenes reise."

Kanskje det høyrest meiningslaust, men eg synest desse orda ber fram noko av Sandemoses eigne dulde drag. Trass i dei flarande lyn som la dine nattlandskap nakne, trass i larm, trass i at han visste meir enn svært mange, var han og ein ubevisst trekkfugl på kvilelaus reise".

 

Indledning

Eyvind Johnson (1900-1976)

Inger Hagerup (1905-1985)

Tarjei Vesaas (1897-1970)

Poul Ørum (1919-1997)

Knud Sørensen (født 1928)

Gunvald Opstad (født 1935)

Øyvind Bosvik (1927-1991)